Innlegg

Viser innlegg fra november, 2020

MEDARBEIDAR MED BRUKARERFARING - MB

 MB-programmet kvalifiserer deltakarar til å arbeida som hjelparar i tverrfagleg rehabiliteringsarbeid innan fagfeltet psykisk helse og rusomsorg. Deltakarane lærer å nytta eigne erfaringar som kompetanse, med utgangspunkt i kunnskap om eigen tilfriskningsprosess. MB-programmet går over 12 månader og svarer til 50 % stilling. Programmet består av teori, praksis og prosjektoppgåve. Tema er mellom anna MB-rollen, brukarmedverknad, tilfriskning, kommunikasjon, stressmestring, og miljøarbeid. Foreleserne er innleidd frå fagmiljø innan psykisk helse. Praksisperiodane er på 20 veker fordelte på to periodar. Aktuelle praksisplassar kan vera ved psykiatriske dagtilbud, rusomsorg- og rehabiliteringssenter, DPS, bofellesskap i kommunar og i Helse Bergen. Programmet blir avslutta med innlevering av prosjektoppgåve. Formålet med oppgåva er å få auka medvit rundt utøvinga av eigen MB-rolle. 20 plassar – årleg opptak i april https://alf.no/for-samarbeidspartnere/medarbeider-med-brukererfaring/

TRIGGER ASKØY OG ØYGARDEN

Trigger tilbyr eit breitt spekter av varer og tenester innan ulike driftsområde. Trigger er godkjent av NAV som tiltaksarrangør for tiltaka VTA (varig tilrettelagt arbeid), og AFT (Arbeidsforberedende trening). På Askøy har vi autorisert bilverkstad, bakeri og catering, to vaskeri, trelast avdeling og ei avdeling som pakkar og sender ut varer for nettbutikkar. På Sotra har vi snikkarverkstad og jobbfrukt avdeling. Kontakt Trigger Jobb AS Sentralbord: 56 15 14 10 Postadresse: Bakarvågen 15, 5305 FLORVÅG trigger-as.no/

DAG OG AKTIVITETS-TILBOD ØYGARDEN KOMMUNE

Dag og aktivitetstilbod Øygarden kommune. Her finn du oversikt over ulike dag- og aktivitetstilbod. https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/helse-omsorg-og-velferd/dag-og-aktivitetstilbod/