BLÅ KORS - BARNAS STASJON
Blå Kors Barnas Stasjon gir ei heilskapleg støtte til familiar i sårbare livssituasjonar med barn i alderen 0-12 år.
Vi gir tryggleik og omsorg for både barn og vaksne. Fokuset vårt er å sikra barn ei god utvikling og styrka foreldra med kompetanse.
Alle tilboda våre er gratis og du treng inga tilvisning for å komma til oss. Kombinasjonen av ulike tiltak, i tillegg til moglegheita for å følgja opp familiar over lengre tid, er noko av det som gjer Blå Kors Barnas Stasjon til ein unik stad.
Mange omsorgspersonar ønsker det beste for barnet sitt, men å vera ein trygg og god omsorgsperson er ikkje alltid like lett. Mange omsorgsgivere har med seg ein ryggsekk av eigne utfordringar. Det kan vera ein vanskeleg oppvekst, traume, rusmisbruk, fattigdom, utenforskap eller psykiske vanskar. Foreldre kan derfor ha behov for å bli møtt på sine eigne omsorgsbehov, og treng ein trygg base for å læra å bli gode foreldre.
Kommentarer
Legg inn en kommentar