ØYGARDEN FRIVILLIG SENTRAL

Frivillig.no er ei oppslagstavle for frivillige oppdrag. Vi gjer det enklare for frivillige organisasjonar å finna folk og enklare for folk å finna frivillige oppdrag

Askøy: https://frivillig.no/?sted=Ask%C3%B8y

Øygarden: https://frivillig.no/?sted=%C3%98ygarden



Kven kan vera frivillig?
Du som vil bruka av fritida di til å hjelpa andre.
Du som har vorte pensjonist, og synst dagane blir litt lange.
Du som er ung og vil auka livserfaringen din gjennom kontakt med andre menneske.
Du som er arbeidssøkar og ønsker å gjera noko positivt i ein vanskeleg jobbsøkingstid.
Du som ønsker å vera eit medmenneske.


Korleis kan eg bli frivillig?

Øygarden frivilligsentral 
telefon 55 09 69 29/56 16 0000 /frivillig@oygarden.kommune.no

Askøy frivilligsentral 

Når du har meldt deg som frivillig vil du bli invitert til ein samtale.
Vi hjelper deg i gang med det du ønsker å gjera. Du får tilbod om kurs for nye frivillige, og du må søka politiattest dersom du skal vera i oppdrag som besøksvenn, aktivitetsvenn, følgjehjelp eller andre oppdrag der du er kopla direkte opp mot ein person.

Kva oppgåver kan eg gjera?
Du kan vera telefonvenn, turvenn, besøksvenn, aktivitetsvenn eller kinovenn.

Du kan dele datakunnskapen din med andre, om du kan mykje eller lite.
Du kan hjelpa til ved arrangement, eller hjelpa til med transport til aktivitetar for eldre og høyrslehemma.
Du kan lesa høgt for nokon.
Du kan gå ærend, følgja til butikk, lækja, tannlege og liknande.

Du kan halda kurs av ulike slag, eller starta ein selvhjelpsgruppe.
Du har eit yrke eller ein hobby som kan vera nyttig for andre?
Du kan gi leksehjelp.
Du kan vera med på spåkkafe.
Du kan gå natteravn om fredagskveldane.
Og mykje, mykje meir.
Vi gjæv deg gjerne ein attest om du har jobba som frivillig.

Kva forventar vi av deg som frivillig?
Som frivillig avgjer du sjølv kor mykje tid du vil bruka og kva du ønsker å bidra med. Du inngår ingen langsiktig avtale, men held fram så lenge du sjølv vil og så lenge du synest dette er givande. Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande samtale.

Facebook : 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

PAPILLON

PSYKIATRIALLIANSEN

KIRKENS BYMISJON